Gå til meny

Den nazistiske gruppa Vigrid har gått frå dør til dør i Nesbyen og freista slå mynt på at lokale innbyggjarar er engstelege for planane om eit asylmottak i kommunen. Grunnen er at dei vil stilla liste under namnet Norgespatriotene til valet neste haust. SOS Rasisme meiner nazistane kan pella seg vekk frå Hallingdal og lata nesningane få vera i fred i sine eigne heimar.

Vigrid blir leia av Tore W.Tvedt, som er dømt for rasisme for mellom anna å ha sagt at “jøder er parasitter som må renskes ut av det norske samfunn”. Nazismen har til alt hell aldri fått særleg fotfeste i Noreg, og me arbeider for at denne hatideologien også i framtida skal vera så marginal som mogeleg her til lands. Det er difor med sorg me ser at nazistane arbeider for å stilla til val neste haust under namnet Norgespatriotene.

Avhopparar frå Vigrid har dokumentert banda mellom Vigrid og Norgespatriotene. Desse gruppene er klart nazistiske gjennom vanvørdnaden dei syner andsynes einskilde folkegrupper. I tillegg har dei ofte ei vilje – som Tvedt synte i samband med sine utsegner om jødar – til å utrydda desse folkegruppene. Nazismen er ein terrorideologi som gjennom andre verdskrigen er uløyseleg knytt til vald. Det verste dømet på konsekvensen av nazistisk organisering er Holocaust, den organiserte utryddinga av jødar, romfolk og andre “uynskte element” i samfunnet.

SOS Rasisme meiner nazistar ikkje skal ha retten til å ytra seg, og me arbeider for eit forbod mot nazistisk organisering og ytringar som oppmodar til valdsrasisme i Noreg. Å tillata nazistane å ta del i ordskifte er med på å legitimera dei som ein del av det politiske miljøet i Noreg. Auka ytringsfridom for nazistar tyder innskrenking av fridom for andre. Dersom rasistar har rett til å ytra seg tyder det andre si plikt til å lata seg håna.

Vigrids framferd i Nesbyen er ein hån mot alle som kjempa mot nazismen under krigen. Slipp difor ikkje nazistane til og skriv ikkje under på noko skjema som kan hjelpa dei til å stilla til val neste haust. Vis nazismen heller ryggen.

Jan Erik Skretteberg
SOS Rasisme i Buskerud

© 2013 SOS Rasisme

SOS Rasisme Arbeidsutvalget       SOS Rasisme Økonomiutvalget
        Strandgata 71, 5528 Haugesund
E-post:au@sos-rasisme.no       Tlf: 52 71 21 75
Nytt nr: 479 45 490