Gå til meny
Publisert av SOS Rasisme 13.11.2009
Nick Griffin

Koalisjonen av parti lengst til høgre i EU-parlamentet, den såkalla «European Alliance of National Movements», som vart skipa i Budapest i oktober, får ikkje pengestøtte frå EU-parlamentet.

Grunnen er at dei var for seine med å levera inn søknaden, melder nettstaden euobserver.com. Mannen som tok initiativet til opprettinga av blokka, var den svært omtalte leiaren av British Nationalist Party (BNP), Nick Griffin. Andre som deltek i blokka, er Jean-Marie Le Pens Front National i Frankrike og det ungarske fascistpartiet Jobbik (Jobbik Magyarországért Mozgalom, eller Rørsla for eit betre Ungarn, som det blir på norsk), og dei ville også ha sin del av dei kring elleve millionane euro (Tilsvarande kring 92 millionar norske kroner) som parlamentet kvart år gjev i stønad til dei ulike overnasjonale fraksjonane. Summen dei høgreekstreme kunne ha fått var på rundt 400.000 euro, eller kring 3,5 millionar norske kroner.

© 2013 SOS Rasisme

SOS Rasisme Arbeidsutvalget       SOS Rasisme Økonomiutvalget
        Strandgata 71, 5528 Haugesund
E-post:au@sos-rasisme.no       Tlf: 52 71 21 75
Nytt nr: 479 45 490