Gå til meny
Publisert av Hallingdølen 13.04.2010
Hallgrim Berg og munnharpa Foto: Northstream.org

Den profilerte Høgre-politikaren og samfunnsdebattanten Hallgrim Berg snur saka på hovudet når han set likskapsteikn mellom Israel og jødane i verda i eit lesarbrev i Hallingdølen 30. mars.

Av: Jan Erik Skretteberg, Buskerud fylkeslag av SOS Rasisme

Det er ikkje vanskeleg å vera samd med Berg i at antisemittisme er ein giftsvulst, slik han skriv i innlegget sitt. Det er også skremmande at denne svulsten ligg der og ulmar under overflata. Det ser me gjennom handfaste prov i grannelanda våre Russland og Sverige, og ikkje minst i Tyskland, Frankrike og Ungarn, land som ikkje nett har den beste tradisjonen for korleis dei har handsama jødar opp gjennom historia.

Men Berg bommar ganske kraftig når han set likskapsteikn mellom antisemittismen og kritikken av Israel. Ein vinn ikkje kampen mot jødehatet ved å skifta ut jøde med muslim.

Er Berg sjølv rasist?

Under mellomoverskrifta «Rasisme» ramlar Berg rett uti myra med båe beina først som ein overivrig molteplukkar i det sesongen ikkje heilt har begynt enno. Han skriv:

«Dess meir muslimar og kraftigare islamisering i eit område, dess hardare jødetrakassering. I mange arabiske og muslimske land går det føre seg regelrett oppflasking i rasisme, frå barne-TV, teikneseriar og skulebøker til Holocaust-fornekting. Hamas i Gaza og Hizbollah i Libanon, betalt av prestestaten Iran, har som mål å undergrava og utrydde staten Israel».

Er ikkje dette å gå i same fella som dei som utviklar antisemittiske haldningar på grunn av staten Israels politikk? I same fella som dei som set likskapstrekk mellom Israel og jødar? Hallgrim Berg set jo sjølv likskapstrekk mellom muslimar og regimet i Iran, Hizbollah og Hamas.

Ikkje i same fella

Avslutningsvis skriv Berg at «jødehat og antisemittisme burde for lengst vera avleggs […]».

Det er me sjølvsagt samde i, men for at kampen mot antisemittisme skal vera vellukka, er det avgjerande at dei som argumenterer mot antisemittisme og jødehat ikkje går i same fella ved å syna dei same irrasjonelle haldningane andsynes muslimar. Det gjer Berg, og hans åtak på antisemittismen er difor eit dårleg åtak, eit åtak som ikkje kan oppnå anna enn å snu antisemittismen og jødehatet til å bli islamhets og muslimhat.

Korkje jødar eller muslimar har kollektiv skuld.

Se innlegget her.

© 2013 SOS Rasisme

SOS Rasisme Arbeidsutvalget       SOS Rasisme Økonomiutvalget
        Strandgata 71, 5528 Haugesund
E-post:au@sos-rasisme.no       Tlf: 52 71 21 75
Nytt nr: 479 45 490