Gå til meny
Publisert av SOS Rasisme 09.07.2010
Jobbik forsøker også å slå gjennom som kulturell bevegelse. Foto: Wikipedia

Fascistorganisasjonen “Sameint ungarsk ungdom” skipar denne helga til festival i Kanjiža, Serbia, for femte året på rad.

Den vesle byen i Vojvodina kjem til å bli oversvømt av ein horde fascistar som kjem for å høyra på konsertar med fascistiske band frå Ungarn. Serbiske antifascistar spør seg om kvifor dette er tillate av styresmaktene. Dei fortvilar over å sjå veksten i fascistiske miljø i grannelandet i nord, ein vekst som óg slår inn over Serbia sidan ein stor del av dei som bur i Vojvodina-provinsen er etnisk ungarske. Ungarske fascistar har også skipa til liknande festivalar i Slovakia, Romania og Kroatia for å rekruttera mellom den ungarske diasporaen i desse landa.

Antifascistane reagerer også på at festivalen freistar bli framstilt som ei fredeleg samling av ungararar i Vojvodina for å fremja ungarsk kultur. Ungararane i dette området har full rett til å fremja sin eigen kultur og sine skikkar i denne regionen, men det inkluderer ikkje uttalt fascistiske band som Titkolt Ellenalas (“Løynd motstand”) og Romantikus Eroszak (“Romantisk vald”), som blir rekna som dei viktigaste aktørane innanfor den delen av musikkscenen som fremjar storungarsk, fascistisk tankegods.

Antifascistane oppmodar alle til å hindra at dette tankegodset spreiar seg. Dei uttalar at einkvar konflikt mellom ungararar og andre nasjonar i dette området berre tenar fascistane. Til slutt seier dei at antifascistar i alle landa i regionen må stå saman mot det fascistiske trugsmålet.

Stopp Sameint ungarsk ungdom!

Stopp festivalen i Kanjiža!

© 2013 SOS Rasisme

SOS Rasisme Arbeidsutvalget       SOS Rasisme Økonomiutvalget
        Strandgata 71, 5528 Haugesund
E-post:au@sos-rasisme.no       Tlf: 52 71 21 75
Nytt nr: 479 45 490