Brunskvetting og mobbing av muslimar
Lesarbrev av Steinar Eraker, aktivist i SOS Rasisme, i Rogalands Avis 12. januar 2011.
Kven er så Sian. Dei prøver etter beste evne å framstå som seriøse og som partipolitisk uavhengige. Nærast som ein troskuldig opplysningsorganisasjon, som driv verdikamp.
Men vi må ikkje sove. Det er slett ikkje religionskritikk som ligg deira hjerte nærmast.
Kjerna i budskapet er forakt for enkelte folkegrupper. Dei seier sjølv at det ikkje er forskjell på muslimar, alle er like ( les like ille ).
Dei forsøker å spre ein myte om muslimar som ein stor trussel mot Norge. Og dei har ein språkbruk som til forveksling er lik den den nazistane brukte.
Men Sian tek avstand frå rasismen og nazismen utad i sin agitasjon. Eller gjer dei verkeleg det.
I alle fall er det tett samarbeid mellom høgreradikale krefter og Sian.
Som leiar Arne Tumyr skriv på nettsida, sian.no, 25 juni 2009. «Vi kan være superoptimistiske og håpe at Vidar Kleppe fra Demokratene eller Øyvind Heian fra Norgespatriotene kommer inn på Stortinget – i vippeposisjon.» Dette som ein kommentar til stortingsvalet same haust.
Dette viser at Sian i alle fall veit kven nazisten Øyvind Heian er, og har ingen problem med å samarbeide.
I dag ser vi at muslimane har tatt den posisjon som jødane hadde før 2. verdskrig, ei hata og stigmatisert gruppe. Nazistane og andre anklaga alle fiendar av jødehatet for å være nikkedokker for ein jødisk verdskonspirasjon. Alle dei som i dag talar mot stigmatisering av muslimar, blir anklaga for å legge landet åpent for islamisering.
Samtidig får vi fleire døme på at muslimske jenter blir angrepne på åpen gate og for skaut dratt av, og muslimar blir skjelt ut.
Denne tendensen har vore aukande dei seinare åra. Det bles ein kald vind over Europa. Dei rasistiske gruppene veks seg sterkare, men har no bytta ut ordet jøde med muslim.
I Norge er Sian ein del av denne kalde vinden, og i ly av religionskritikk får dei ture fram.
Men jødeforfølginga starta og som religionskritikk, men kulminerte i eit rasistiske folkemord. Difor er det viktig å ta standpunkt, ta avstand og vende dei ryggen.
Steinar Eraker, aktivist SOS Rasisme