Gå til meny

SOS Rasisme reagerer på skuldingar frå organisasjonen KPml om at me legitimerer nordirske fascistar.

Dette står å lesa i ein artikkel organisasjonen har lagt ut på nettsidene sine. Artikkelen handlar om 17. mai-feiringa i Bergen, der dei i harde ordelag kritiserer SOS Rasisme for å ha gått i tog i lag med det nordirske korpset Pride of the Birches Accordion Band.

Dei skriv:

Vi synes også det er trist at antirasister som blant annet aktivister i SOS Rasisme har valgt å legitimere denne gruppens holdninger ved å gå i tog sammen med dem.

Det er fleire grunnar til at SOS Rasisme reagerer på denne omtalen. For det første hadde ikkje SOS Rasisme noko eige blokk i 17. mai-toget i Bergen. For det andre kunne våre aktivistar umogeleg veta at desse gjekk i toget då dette ikkje var omtalt nokon plass før toget gjekk av stabelen.

Kritikken frå KPml (Kommunistisk Plattform marxistane-leninistane) er heilt urimeleg og fell på steingrunn. Me registrerer heller ikkje at organisasjonen gjorde noko for å markera mot korpset då dei spelte på Sotra, berre tjue minutt unna Bergen, dagen etter.

© 2013 SOS Rasisme

SOS Rasisme Arbeidsutvalget       SOS Rasisme Økonomiutvalget
        Strandgata 71, 5528 Haugesund
E-post:au@sos-rasisme.no       Tlf: 52 71 21 75
Nytt nr: 479 45 490