Gå til meny

Regjeringa har sida nyttår opna for å kaste asylsøkjarar som får endeleg avslag på gata, men både asylmottaka og politiet har vore lite interesserte i å setje i verk denne brutale politikken.

Regjeringa har sida nyttår opna for å kaste asylsøkjarar som får endeleg avslag på gata, men både asylmottaka og politiet har vore lite interesserte i å setje i verk denne brutale politikken.

Men styresmaktene nøyde seg ikkje med det. Dei gjekk til sak mot dei «plagsamt» ureturnerbare og fekk medhald i Lofoten tingrett i august. Saka er oppe på ny i Hålogoland lagmannsrett no, men eg vågar ikkje å vona på eit endra resultat.

Statsråd Solberg seier i eit innlegg i sommar:

«Etter sosialtjenesteloven er ikke sosialkontorene forpliktet til å gi bistand til personer som oppholder seg ulovlig i landet, utover det som kommer inn under ren «nødhjelp.» Som nevnt har disse personene det her gjelder et reelt valg mellom å samarbeide med myndighetene om å fremskaffe reisedokumenter eller ikke - og dermed har man også tilbud om fortsatt kost og losji i asylmottak.»

Dette er altså eit reint pressmiddel! Og eg som trudde tortur ikkje lenger var lovleg i Noreg.

Det gledelege er at fronten mot denne hårreisande politikken har vokse seg til ein av dei breiaste frontene me har sett nokon gong. Mange kommunar nektar å vere med på dette skitne spelet. Dei fleste forstår kva resultat ein får om ein kastar folk på gata utan rettar. Dette kan gje ubotelege sosiale problem, noko den seinare historia har ein rekke døme på.

Samstundes veks også Europas største antirasistiske organisasjon stadig vekk, noko ein kan kjenne på kroppen gjennom stemninga på lokallagskonferansar og regionskonferansar. Sjølv i ein liten by som Harstad hadde lokallaget nyleg eit årsmøte med 120 deltakarar. Mykje lovar altså godt for kampen mot rasisme framover.
SOS Rasisme rundar 100 lokallag i nær framtid. Kan hende du kjenner nokon som vil starte eitt? Ikkje ver redd for å utfordre folk! Å utfordre er å seie til folk: Me treng deg! Kampen mot rasisme treng deg!
Og nett no treng ein meir enn nokon gong ein sterk motvekt til den statlege rasismen!

Antirasistisk helsing frå
Trond Thorbjørnsen
Leiar, SOS Rasisme i Noreg

© 2013 SOS Rasisme

SOS Rasisme Arbeidsutvalget       SOS Rasisme Økonomiutvalget
        Strandgata 71, 5528 Haugesund
E-post:au@sos-rasisme.no       Tlf: 52 71 21 75
Nytt nr: 479 45 490