Gå til meny

Hausten 2005 vart prega av mange nye lokallag i SOS Rasisme, og gleda var stor då Sarpsborg vart vårt hundrede lokallag. Til samen vart det 103 lokallag i SOS Rasisme i 2005.

Hausten 2005 vart prega av mange nye lokallag i SOS Rasisme, og gleda var stor då Sarpsborg vart vårt hundrede lokallag. Til samen vart det 103 lokallag i SOS Rasisme i 2005.


Den kraftige utviklinga i organisasjonen dei seinare åra har vist seg å helde fram. Med over 45 000 medlemer i 2005 er SOS Rasisme utan tvil den største politiske ungdomsorganisasjonen i landet. For dei av dykk som har vore på konferansane våre, er det vel lita tvil om kva mangfald og kor stor entusiasme det er i organisasjonen for tida.


Mange har spurt oss om korleis me har fått så mange medlemer. Det er korkje glansa flygblad eller telefonseljarar som har brakt oss dit me er. Løyndomen bak denne utviklinga er at me har fokus på folk. Me veit at det finst folk. Me veit at det å utfordre alle me møter om å ta eit standpunkt mot rasisme og melde seg inn i SOS Rasisme - er ein riktig og viktig del av arbeidet vårt.


Kolbein Falkeid skriv i et dikt:

«De som melder seg er et folks kornkammer. Forråd for mange generasjoner er lagret her.»


Folk vi møter er ressursar. Alle krefter tel!


Når folk melder seg inn i SOS Rasisme, tar dei eit aktivt standpunkt. Då er er det meir sannsynleg at dei reagerer på rasismen rundt seg. Og om me ikkje utfordrar folk - finn me aldri dei som vil bidra med større ting heller.


Me kjenner alle folk rundt oss, på jobben, skolen eller blant venner, som bør bli med oss i kampen mot rasisme. Ta med deg eit verveskjema neste gong du møter de. Folk set pris på å bli spurt. Hugs berre på kvifor du vart med i SOS Rasisme.


Antirasistisk helsing frå

Trond Thorbjørnsen

Leiar, SOS Rasisme i Noreg


© 2013 SOS Rasisme

SOS Rasisme Arbeidsutvalget       SOS Rasisme Økonomiutvalget
        Strandgata 71, 5528 Haugesund
E-post:au@sos-rasisme.no       Tlf: 52 71 21 75
Nytt nr: 479 45 490