Gå til meny
Publisert av SOS Rasisme 22.05.2010
illustrasjon3

NRK-journalist Astrid Randen langa ut mot SOS Rasisme i Hallingdølen 15. mai. Me utfordrar henne til å presentera sanninga om SOS Rasisme.

Lesarbrev:

SOS Rasisme er framleis naudsynt

NRK-journalist Astrid Randen langar ut mot SOS Rasisme i Hallingdølen 15. mai.

Jan Erik Skretteberg,
Regionsansvarleg
Buskerud SOS Rasisme

SOS Rasisme er ein demokratisk medlemsorganisasjon. Vedtektene våre ligg på vevsidene slik at alle kan lesa dei. Folk er valde til tillitsverva sine gjennom landsmøtet, som er det høgste organet i organisasjonen. Her får alle lokallag rett til å senda delegatar. Med andre ord har SOS Rasisme den same praksisen for medlemsdemokrati som mange andre norske organisasjonar.

Alle som blir valde til tillitsverv i SOS Rasisme, blir valde på grunnlag av den jobben dei har gjort, gjer og kjem til å gjera for organisasjonen. Somme organisasjonar gjer slik som oss, medan andre organisasjonar er mest opptekne av å velja tidlegare stortingsrepresentantar som ikkje har nokon bakgrunn frå den aktuelle organisasjonen til toppleiinga.

17. mai for alle

Randen skriv også at ho fleire gonger har vore innom SOS Rasismes årlege gratisfest i Kuba-parken i Oslo, 17. mai for alle, og eg vonar ho var innom også i år, og at ho kosa seg. Det gjorde eg også, jamvel om eg gjorde ein friviljug innsats på fleire titals timar i løpet av dagane før og etter 17. mai, i tillegg til på sjølve tilskipinga. Denne gratisinnsatsen gjorde eg i lag med kring hundre andre aktivistar i SOS Rasisme, alle folk med ulik bakgrunn og ulike meiningar.

Den innsatsen som mange folk legg ned på ulike nivå i SOS Rasisme er heilt avgjerande for at det skal bli mindre rasisme i samfunnet, og at folk som er utsett for rasisme, skal få det betre. I SOS Rasisme er alle antirasistar velkomne.

Den norske staten fører ein rasistisk flyktningpolitikk, nazistane finst framleis i Norge og kvardagsrasismen aukar. Alt dette syner at det framleis er trong for ein organisasjon som arbeider mot alle former for rasisme og som mobiliserer folk til dette.

Fortel gjerne sanninga om oss

Me har gjennom bunkevis med dokumentasjon prova at alt me blir skulda for (økonomisk rot, falske medlemstal, påståtte band til andre organisasjonar og manglande organisasjonsdemokrati), ikkje har rot i røyndomen. Diverre vel journalistane i både Klassekampen og Dagbladet å oversjå dette. Astrid Randen er velkomen til å presentere sanninga gjennom sin jobb som journalist i politisk redaksjon i NRK Nyheiter.

For Randen skriv nemleg at SOS Rasisme har gjort ein god jobb, og at ho har fått eit godt inntrykk av organisasjonen dei gongene ho i samanheng med jobben sin har prata med representantar for oss. Då er det på sin plass å ynskja henne velkomen attende til å prata med oss.

Ikkje nei til journalistar

Sanninga om SOS Rasisme er nemleg annleis enn kva Dagbladet og Klassekampen freistar framstilla det som. Me seier ikkje nei takk til å møta journalistar som gjev oss att korrekt i staden for å vri og venda på alt me seier slik at det ser verst mogeleg ut. Om Randen vil ta denne rolla, ville det vore framifrå, og ikkje minst viktig i den antirasistiske kampen.